Velkomen til Bakar-Jon
Bakeri, kafè og spesialbutikk for lokalmat.
Bakar-Jon på Byrkjelo
Bakeri, kafè og spesialbutikk for lokalmat
Bakeriet
Bakeriet vårt har lange tradisjonar, og vi bakar alle produkta våre på eigne oppskrifter. Her er mange freistingar i form av for eksempel brillebollar, kveitebollar, rosinbollar, skillingsbollar, wienerbrød, kringler, brød og bestselgjarane våre: Knekkebrød og havrekjeks.
Historia
Bakar-Jon har i mange år vore ein institusjon på Byrkjelo, og er ein populær stoppestad for både fastbuande og tilreisande. Namnet kjem frå 2. generasjon bakarar på Bakar-Jon, og er oppattkalla etter Jon Myklebust, som var eigar i mange år, heilt til COOP kjøpte familiebedrifta. Bakeriet vert drive vidare idag på same måte som Jon og faren hans, Torbjørn Myklebust, har gjort heilt sidan starten.
Butikken var før ein daglegvarebutikk, men når Coop tok over drifta vart daglegvarebutikken lagt ned og det vart satsa på lokalmat.
Butikken
Butikken vår er blant dei alle beste i klassen lokalmat, og utvalet blant lokalmatprodusentar er svært stort. Vi har delikatessar innan fisk, kjøt, kje, lefser, flatbrød, lokal drikke m.m. Noko for ein kvar smak!
Kaféen
Kafeen vår er godt kjent for norsk, tradisjonsrik "Dagens Middag", i tillegg til a la carte-menyen vår og heimelaga kaker frå vårt gode bakeri. Vi brukar ofte lokale matprodusentar på menyane våre, og det er difor vi med glede utvidar menyane våre til også å inkludere m.a. kjente klassikarar som Cæsar-salat, Club sandwich og BLT-smørbrød. Vi har også eigen vegetar- og veganmeny.
KAFÉ
BAKERI
Velkomen til oss!
Bestilling og kontakt
Noko du lurar på, eller vil bestille?